Om arbeidet

Arbeidet med denne læringsressursen er gjort av Lars J Liknes i tilknytning til masterstudie i IKT i læring ved Høgskolen Stord/Haugesund våren 2010.

Nodene er oppdaterte etter som eg fann meir ut av funksjonalitet og begrensingar i verktøyet som er nytta til publisering og endringar er gjort etter respons frå medstudentar i testfasen.  

For bakgrunn og mål med ressursen viser eg til informasjon som ligg under "
For lærar".

Verktøy som er nytta i utviklingsarbeidet:

1. Dynamic HTML Editor
Dette verktøyet vart nytta utforminga av nettsida og publisering til server. Bakgrunnen for val av dette verktøyet var at det hadde eit grensesnitt som eg klarte å forstå og bruke utan å ha noko særleg kjennskap til HTML og web-publisering. Eg ville gjerne prøve å arbeide med ei sjølvstendig webside som kan vidareutviklas med tanke på musikkundervisninga på eigen skule. Nokre andre variantar vart prøvd ut (Wikispaces, Fronter-nettstad, publisering via PowerPoint) men desse forsøka gav ikkje det resultatet eg ønskte.
Eg kjende ikkje til Dynamic HTML Editor på førehand, men det fungerte tilfredsstillande til det eg hadde behov for.
Versjon: 5.5.28.
Utgjevar: www.hexagora.com/ Lorenzo Davide


2. Microsoft PowerPoint 2007
I starten av utviklingsarbeidet jobba eg med å lage små spel i PowerPoint som kunne nyttast til aktivitet i høve til læringsmåla eg ville arbeide med. Samstundes laga eg ei interaktiv skisse på korleis eg ville at læringsressursen skulle vere bygd opp, også denne basert på PPT. Eg hadde eit håp om at det skulle gå å "oversetje" desse skissene til web-baserte sider, men det klarte eg ikkje. Resultatet til slutt vart at spela vart lasta opp som køyrande presentasjonar på web-serveren, med lenke attende til indeks-sida på slutten av spelet. Dette var ikkje ei fullgod løysing i høve til planen, men her fann eg ingen betre måte å gjere det på. Optimalt skulle spela vore meir integrerte og web-baserte. Det vart prøvd med fleire typar Flash-konvertering, men i alle forsøka forsvann audio-spora eller så vart animasjonane/navigasjonen feil.
Versjon: 12.0.6504.5000
Utgjevar: Microsoft Corporation


3. Audacity
Audacity er eit gratis lydredigeringsprogram. Verktøyet vart nytta i høve til produksjon av lydspor som skulle integreras i ressursen.
I arbeidet vart det nytta eigne innspelingar frå keyboard. Miksen som ligg som lenke på slide-bildet på indeks-sida vart også laga med Audacity.
Versjon: 1.3.10 Beta (Unicode)
Utgjevar: Audacity er fri programvare, utvikla frivillige, og distribuert under GNU General Public License (GPL).
Lenke: http://audacity.sourceforge.net/

4. Picasa 3
I arbeidet med bilderedigering (forminsking og justering) vart verktøyet Picasa3 nytta.
Illustrasjonar som er nytta er anten eigne bilete eller henta frå nettstadden www.pics4learning.com, som tilbyr gratis illustrasjonar for skular og undervisning.
Versjon: 3.6.0 (Delversjon 105.41,0)
Utgjevar: Google, Inc.


5. Windows Live Movie Maker
Til å laga filmen som syner døme på form i eit musikkstykke nytta eg dette verktøyet. Sider laga i PowerPoint vart eksporterte som JPG-filer og importert i WLMM saman med musikken. Så vart bileta synkronisert med musikken.
Versjon: 14.0.8091.0730
Utgjevar: Microsoft Corporation


6. Windows Media Player
WMP vart nytta til å rippe sporet som vart nytta som musikkdøme på form. Sporet som er frå ei plate som eg har vore med å laga og som eg har rett til å nytte som eg ynskjer i høve til publisering.

Versjon: 12.0.7600.16415
Utgjevar: Microsoft Corporation

7. PowerMapper Evaluation
Til å lage ei grafisk oversikt over nodene på sida nytta eg ei evalueringsversjon av programmet PowerMapper.
Versjon: 5.1.362.0
Utgjevar: Electrum Multimedia Ltd