Lærarrettleiing
Denne læringsressursen er tenkt som ei kort innføring eller repetisjon av grunnomgrep i musikken på mellomtrinnet i grunnskulen. Gjennom litt teori kombinert med lyttedøme vil eleven få betre omgrep og forståing knytta til det å skulle fortelja og karakterisera ulik musikk.

Ressursen er delt inn i 6 teorileksjonar som tek utgangspunkt i omgrepa klang, puls/rytme, melodi, dynamikk, tempo og form. Gjennom ulike døme kan eleven knyte eigen lytting til kva som ligg bak omgrepa og få verkty til sjølv å uttrykke seg kring musikkopplevingar.

Ressursen er knytt opp mot desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:

Etter 7. årstrinn
Musisere
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
•    oppfatte og anvende puls, rytme, form, melodi, klang, dynamikk, tempo og enkel harmonikk i lytting []
•    synge unisont og flerstemt i gruppe []
•    framføre sanger og viser fra eldre og nyere tid

Leksjonane kan arbeidast med på ulikt vis, men det er lagt opp til at elevane skal kunne arbeide med dette på eiga hand, eventuelt førebu seg som heimearbeid for å kunne delta aktivt i ein gjennomgang.

Til leksjonane er det oppgåver som kan nyttast som oppsummering og konkretisering for eleven.
Desse finn ein under "Oppgåver"

I tillegg til dei lyttedøma som ligg i leksjonane er det sjølvsagt mogleg å kombinere med anna musikalsk tilfang som elevane kjenner og kan bruke som vurderingsdøme.

For dei av elevane som vil gå litt vidare enn basistilfanget, er det lagt inn meir informasjon og aktivitet under "Ekstra".

Framlegg til progresjon:
   Time 1:
   Introduksjon av emne og arbeid med klang. Byrje på oppgåva.

   Time 2:
   Elevane kan presentera sin tankar om klang ut frå oppgåva.
   Arbeid med puls/rytme og melodi
   Melodi oppgåva individuelt eller i fellesskap

   Time 3:

   Arbeid med dynamikk og tempo.
   Her kan elevane arbeide individuelt.
   Eventuell samtale kring kva tempo gjer med eit musikkstykke.

   Time 4:

   Repetere dei ulike elementa og knyte dei opp mot arbeid med form.

   Time 5:
   Ei kort oppsummering, gjerne knytt mot ulike musikkdøme, der ein fokuserer på bruk av
   omgrepa.
   
Song
For å motivere til felles song i klassen kan ein slutta av med leiken "Kva heiter songen"
Dette er ein aktivitetsretta ressurs tenkt brukt i den siste musikktimen der ein får fokus på felles song. Ofte kan det å synga saman vere vanskeleg å få til i skulen, av ulike årsakar. Her er ein                      
aktivitet som har henta inspirasjon frå ”Beat for Beat” der ein i tillegg til songen, får ein    
konkurranse som kan involvere fleire elevar.
Om du vil endre på innhaldet i presentasjonen, kan du sende ein
epost til utviklar for å få ei    
forklaring på korleis dette kan gjerast.
Tips: Køyrer du denne på ein SmartBoard, er det fint å kombinere med den delte poengtavla som    
er integrert i Notebook progamvaren.

Under "Ekstra" finn ein og ei lenke til VanBasco Karaoke Player. Denne er verdt å prøve i høve til å finne songar som ein kan syngje felles med teksten i karaokeversjon på lerretet. Den speler alle songar som har MIDI format, men syner berre tekst på dei som har lagt inn dette.

Vurdering
Ein eventuell
skriftleg prøve for undervegs- eller sluttvurdering er tilgjengeleg som PDF.