Har du nokon gong tenkt "...så fin musikk!", eller kanskje "...denne musikken var grusom..."? Korleis ville du då beskriva denne musikken for ein annan person om du ikkje kunne spele den av? Her vil vi sjå meir på korleis musikk er bygd opp og korleis vi kan beskriva musikken vi høyrer.
.
Til deg som er elev:
Her kan du lære meir om musikk og korleis vi kan setje ord på det vi høyrer. Du vil lære om ord og uttrykk, men du må også tenke sjølv og finne ut kva du meiner. Korleis du skal arbeide med sidene er opp til læraren din. - Du kan starte med leksjon 1 og arbeide med ein og ein leksjon. - Til kvar leksjon er det oppgåver. Desse finn du under "Oppgåver". Du kan løyse oppgåva rett etter leksjonen, eller du kan gjere dei etter å ha vore gjennom fleire leksjonar. - Du kan også hoppe rett til den leksjonen du vil ved å nytta menyen heilt til venstre under "Gå til..." Lukke til! |